Å strøyme video i sanntid på internett treng verken vere vanskeleg eller dyrt, så lenge du ikkje har som mål å lage ein profesjonell TV-produksjon. Å bruke berbar PC og eige utstyr passar for deg som vil gjere det sjølv, fokuserar på nytteverdien av kringkastinga og hovudsakleg skal kringkaste mindre arrangement.
Døme på eit slikt oppsett finn du på Fjaler kommune sin Web-TV. Hovudutfordringa er å få til god lyd dersom du har fleire lydkjelder og skal ha ut lyden på høgtalarar i tillegg.
Krav til utstyr
- Ei nyare berbar datamaskin med:
- Godt med minne: minimum 2 GB
- Rask prosessor: Minst to kjernar
- IEEE1394-/Firewire-port (kan kjøpast i tillegg med eit PC-/Expresscard-kort)
- Minijack-inngang for lyd eller USB-port til eksternt lydkort med XLR-inngang
- Nettverksport (ethernet, for stabil nettverkstilgang)
- Ein eller fleire mikrofonar. Som regel trengs trådlause mikrofonar eller bordmikrofonar. Eit rimeleg sett trådlause mikrofonar er JJ-Labs Quatro. Svanehals-mikrofonar blir ofte brukt til bord, medan for å få med seg all lyd er ein rimeleg retningsstyrt mikrofon eigna. Til dømes Canon DM-50 eller Røde VideoMic Shotgun. Dersom du berre treng ei lydkjelde kan det vere lurt å kjøpe ein USB-mikrofon, som til dømes Samson C01U. Ellers kan ein vanleg XLR-mikrofon med USB-omformar eller eit enkelt eksternt lydkort brukast.
- Dersom du har fleire lydkjelder vil du ha bruk for eit eksternt lydkort med passande inngangar (XLR) eller eit enkelt miksebord. Fordelen med eksternt lydkort er at det er enklare å koble til PC, medan fordelen med tradisjonelt miksebord er at det er rimelegare, meir brukt og kan lettare integrerast med andre lydanlegg. Døme på eksternt lydkort er M-Audio Fast Track Pro, medan døme på eit rimeleg enkelt miksebord er Wharfedale R-200.
- Eit videokamera som kan sende video i sanntid til datamaskina, og kan plasserast på stativ, det vil som regel seie at det må ha Firewire-utgang. Rimelege versjonar blir det færre og færre av med tida, men eit godt eit er Canon Legria HV40. Legria HV40 har både firewire-utgang, mikrofon-inngang, og god nok zoom.
- Kamerastativ med tre-vegshovud og helst demping. Stativet bør vere høgt nok til å kunne plassere kameraet over hovuda på eventuelle tilskodarar som sit i vegen for filminga. Døme.
- Kablar. Til mikrofonane vil du trenge lydkablar med XLR- eller jack-pluggar avhengig av kva du har av miksebord. Til videokameraet vil du trenge ein lang firewire-kabel, truleg med 4-pin-plugg i begge endar, sidan det er dette både kamera og bærbare datamaskiner plar bruke.
Døme på kostnader
(Alle prisar inklusive moms)
- Berbar PC: HP ProBook 6560b til ca. 6000 NOK.
- Videokamera: Canon Legria HV40 til ca. 6000 NOK.
- Videostativ med trevegs-hovud: Benro videostativ KH-25 m/hode til ca. 2000 NOK.
- Mikrofonar: 2 stk. JTS ST-850 svanehalsmikrofonar (kan gjerast trådlause) til ca. 1200 NOK per stykk, tilsaman 2400 NOK.
- Eksternt lydkort: M-Audio Fast Track Pro til ca. 1500 NOK.
- Kablar:
- Firewire: 10 m til ca. 500 NOK
- 2 stykk XLR-kablar a 5 meter til ca. 300 NOK, tilsaman 600 NOK.
Total kostnad inkludert berbar PC: ca. 19 000 NOK inkl. mva.
Total kostnad utan berbar PC: ca. 13 000 NOK inkl. mva.
Tenesteleverandør
For ei slik enkel og rimeleg løysing som denne kan du bruke ei Adobe Flash Media Server-basert løysing slik som Ustream, Bambuser, eller Livestream. Alle tilbyr profesjonelle løysingar der du kan kjøpe bort reklamen, og du også prøve ut gratis først.
Programvare
Dei fleste løysingane har eiga programvare. Ustream tilbyr til dømes Ustream Producer. Som oftast kan du også nytte uavhengige og gratis alternativ som Flash Media Encoder eller WebcamStudio.
Normalt held det med ei datamaskin...


Registrer eit arrangement
Kontakt oss



