Tips til kringkastarar
Skrive av Guttorm Flatabø, mån, 23/05/2011 - 16:19.
Skal du vere med å overføre eit arrangement på internett? Kanskje du ikkje skal stå for sjølve kringkastinga, men skal leige inn folk eller skal vere konferansier?
Det er uansett ein del som bør planleggast og tenkjast gjennom før ei eventuell kringkasting, for at ting skal gå greit. Etter at vi i kxg-prosjektet har gjennomført og vore med på fleire nettoverføringar (sjå arrangementsarkivet), har vi fått mykje erfaring som vi ynskjer å dele.
Vi har lagt ut tipsa på ei eiga side: Tips til kringkasting på nett. Dette er ei førebels utgåve, legg gjerne att kommentarar.

Å kringkaste på nett handlar om mykje meir enn IT. Skal eg sende skjermbiletet eller den peikander talaren? Foto: CC-BY Guttorm Flatabø
Emneord (tags):

Registrer eit arrangement
Kontakt oss




Skriv ny kommentar