Videostrøyming med mobiltelefon

Den enklaste måten å strøyme eit arrangement på er å bruke ein vanleg smarttelefon. I utgangspunktet treng du berre ein vanleg ny smarttelefon, men med litt ekstrautstyr kan kvaliteten på sendinga bli mykje betre. Fordelen med bruk av mobiltelefon er at den er enkel i bruk, lett og liten, alltid tilgjengeleg, og ukomplisert å setta opp. Ulempen er at på grunn av det vesle kameraet og det sparsame utstyret er ikkje alltid videokvaliteten så god, oppsettet er mindre fleksibelt og du har ikkje så mange funksjonar å velje mellom.

I utgangspunktet kan strøyminga gjerast så enkelt som dette:

  1. Last ned ein «app» for kringkasting på ein smarttelefon med kamera. Sjå forslag til appar i teneste-bolken.
  2. Start appen. Logg inn, eller registrer deg i tenesta.
  3. Start videostrøyming. Videoen blir vist på sida di på tenesta du har valt.

Du kan sjå nokre døme på dette frå Eirik Solheim (frå NRK Beta) sine presentasjonar på Bambuser og Ustream, og i KXG har me også eksperimentert med Justin.tv og Bambuser.

Avhengig av kva du har valt, vil sendinga no vere tilgjengeleg for heile verda, men for at nokon skal sjå på sendinga må du sende lenkja til potensielle sjåarar og dele den på sosiale nettverk. Vanlegvis vil også sendinga bli lagra slik at den sjåast i ettertid, eller folk som kjem inn seint kan sjå frå byrjinga.

Tenester

Det er mange kringkastingstenester som tilbyr appar til mobiltelefon. Under har vi lista dei vi ser på som viktigast. Vi har også prøvd å lenkje til oppskrifter på bruk/oppsett. Du bør ha ein nyare smarttelefon med godt kamera for at sendinga skal bli bra. I tillegg treng du tilgang til trådlaus tilkobling til internett, eller eit telefonabbonement med fastpris på databruk, ellers kan neste telefonrekning bli svært høg. Dersom det er mogleg bør du bruke proff-versjonen av tenesta etter å ha prøvd litt sidan vilkåra for bruk ofte er begrensa for bedrifter.

  1. Bambuser.com: Bambuser er ei svensk teneste med tilgjengeleg på dei fleste plattformar. Du kan strøyme video, som blir lagra og er tilgjengeleg i ettertid. Bambuser tilbyr også ei betalteneste for bedrifter slik at du kan presentere video utan reklame.
  2. USTREAM.tv: Mykje det same som Bambuser. Ustream tilbyr også betalingsløysing slik at du kan ta betalt for å sjå på sendinga di.
  3. Justin.tv: Ei av dei meir populære tenestene for brukargenerert sanntidsvideo. Har plagsamt mykje reklame, og er retta inn mot ungdommar som spelar spel.

iPhone med ekstrautstyr

På grunn av kvaliteten og populariteten til iPhone, fins det spesielt mykje ekstrautstyr til iPhone, noko som gjer den spesielt eigna til strøyming av video frå arrangement. Her er eitt døme på utstyr som gjer at du kan feste mobilen til fotostativ slik at han står stabilt, koble til ekstern mikrofon slik at ein får med seg alle som talar, og betre linse slik at ein får inn meir lys og vidare vinkel.

Utstyr

  1. iPhone 3/3S/4/4S eller iPod Touch
  2. OWLE bubo
  3. Røde videomikrofon
  4. Vanleg kamera-stativ (t.d. dette)
  5. Mobilabonnement med fri bruk av mobilt breiband, eller tilgang til trådlaust internett.

Den spesielle delen, som må kjøpast frå USA, er OWLE bubo. Bubo er ein adapter og «skal» til mobilen med spor til eiga linse (37mm 0.45x vidvinkel/makro følgjer med), feste til kamerastativ, feste til kamera-mikrofon, adapter til mikrofon og handtak for meir stabil kameraføring. Saman med kameramikrofon og -stativ gjev den deg eit godt «videokamera» som kan sende video direkte til internett gjennom mobilt breiband eller trådlaust internett.

iPhone 4, OWLE bubo and Røde videomic, back

iPhone 4 i ein OWLE Bubo med Røde videomic.