Tips til kringkasting på nett

Balestrand summit 2010 overført på internett

Tips til kringkasting på nett

Lær av våre feil. (Sett nokon til å vere ansvarlege for kringkastinga og følgje denne sjekklista).

Før

  • Kan arrangementet kringkastast på nett?
    • Er det brukande breiband (fast internettlinje med minst 1 Mbit/s opplastingsfart) på arrangementsstaden? Er linja delt med andre som kan bruke opp kapasiteten?
    • Sjekk rommet; lyd- og lysforhold, kvar kan kamera og anna utstyr plasserast? Kvar får ein internett frå?
  • Gje talarane melding om at du skal kringkaste, og gje dei høve til å reservere seg:
    • Mot sanntids overføring
    • Mot video i etterkant
    • Overføring og publisering av presentasjon
  • Reservasjon kan komplisere både filming, presentasjon og tilgjengeleggjering i etterkant i så stor grad at du bør vurdere å bruke andre talarar. Dette gjeld særleg ordstyrar og paneldeltakarar.
  • Kringkastinga må marknadsførast til dømes gjennom kxg.no, på kalendarar og sosiale media. Gløym heller ikkje å sende ut e-post.
  • Ver nøye på å kommunisere krav og behov:
    • Leverandør av video-overføring: Video, Skype og andre spesielle behov kan komplisere, og må vere avklart på førehand.
    • Ordstyrar: det trengs mikrofon til spørsmål frå salen (og det tek tid å få fram mikrofonen) eller spørsmåla må repeterast av ordstyrar/talar, sjå mot kamera, introduser deg sjølv. Talarane bør unngå unødig vandring, og å stå framføre presentasjonen.
  • Dersom du skal stå for kringkastinga sjølv må du teste løysinga grundig (og live) på førehand.

Under

  • Informer publikum om at arrangementet blir kringkasta og gjort tilgjengeleg i ettertid (av personvernomsyn).
  • Informer før, undervegs og i etterkant om tidspunkt, arrangør, namn på konferanse, moglegheiter for deltaking og tekniske problem. Biletet skal aldri vere tomt. Hugs pausane og eventuelle talarar som har reservert seg!
  • Informer om måtar sjåarane kan delta med spørsmål/diskusjon knytt til sendinga (twitter, facebook, sms, epost osb).
  • Nokon må følgje med på eventuelle bakkanalar for deltaking (Twitter, e-post, etc.) og formidle desse til salen.

Etter

  • Arrangementet bør vere tilgjengeleg på nettet med ein gong det er ferdig, gjerne under sjølve arrangementet. Kringkasta arrangement er ferskvare, få det ut så fort som mogleg!