Teknologiar

Samandrag

Notatet utgjer første del i prosjektet "Kunnskap kryssar grenser". Det blir gjort greie for kva teknologiar som er tilgjengelege for enkelt og rimeleg bruke ny teknologi, særleg teknologi for sanntidsoverføring av levande bilete, til kunnskapsformidling og kommunikasjon.

Innleiing

Forprosjektet "Kunnskap kryssar grenser" vart sett i gong av Innovasjon Norge og IT-forum Sogn og Fjordane i januar 2010. Prosjektet skal "utgreie og teste løysingar for å auka tilgangen til arrangement, informasjonsmøte og utdannings- og opplæringstilbod over nettet". Denne utgreiinga er eit første steg i prosjektet og skal gjere det lettare å tak tak i kommande aktivitetar fram til IT-forum-konferansen i slutten av september. Med kunnskapen i denne utgreiinga har du eit utgangspukt for å finne ut av kva teknologi du kan bruke til å teste ut nettoverføring eller begynne å ta i bruk videkonferanseteknologi.

Teknologi har lenge lova å gjera avstanden mellom by og land irrelevant, og er no i større og større grad med på å gjera dette. Særleg nye Internettbaserte og mobile teknologiar ber med seg lovnader om enklare og billegare måtar til rik kommunikasjon over lange avstandar. Auka datakraft, bandbreidde og utbreiing av lyd- og video-teknologi gjer det heile endå lettare. Det at det finst teknologi som kan gjera koblinga mellom by og distrikt tettare betyr likevel ikkje at den blir bruktDette er ei kort oversikt over ulike tilgjengelege teknologiar og tenester som tek i bruk desse teknologiane, som kan brukast til kommunikasjon og kunnskapsformidling, og då særleg i samband med kunnskapsarrangement. Difor er det mest fokus på teknologiar som gjer det mogleg å spre video, lyd og presentasjonar på verdsveven, og gjerne interaktivt slik at ein kan ha "virtuelle deltakarar" som ikkje er tilstades fysisk, men gjennom internett. Kunnskapsarrangement er mindre eller større arrangement som er meint å spre kunnskap. Det kan vera førelesingar, presentasjonar, lanseringar, pressekonferansar, seminar, arbeidsmøte, kurs, etc. Teknologiane og tenestene presentert her er altså slike som skal gjera det mogleg å ta del i kunnskapen frå slike arrangement utan å vera til stades i eigen person, men heller delta gjennom verdsveven, entan i sanntid ("live") eller i ettertid ("video on demand"). Slik teknologi har lenge vore i bruk særleg av amerikanske universitet, og Sogn og Fjordane fylkeskommune har hatt utstyr for å kringkaste presentasjonar i sanntid i fleire år. Sidan teknologien har vore dyr, lite utbreidd og vanskeleg å bruke har den enno ikkje breidd så mykje om seg.Creative Commons License
Kunnskap kryssar grenser - teknologi av Guttorm Flatabø er lisensiert under Creative Commons Navngivelse 3.0 Norge Lisens

 

Medium/teknologiar

Tekst og bilete har lenge vore mogleg å spre på Internett, og det finst ei rekkje verkty for å gjere dette. Sjølv om slik teknologi kan brukast til å spreie kunnskap, også under kunnskapsarrangement, kjem denne utgreiinga berre inn på det i den grad det kan kombinerast med andre teknologiar eller det er lagt opp til sanntidspublisering. I det følgjande vil me gå gjennom ulike teknologiar/tenester. Me byrjar med podkasting som introduserar sanntidsvideo og samarbeidsteknologi ved hjelp av video, lyd, chat og skjermdeling. Deretter ser me på såkalla liveblogging og presentasjonsdeling, og til slutt ei lita oppsummering av kva standardar som ligg til grunn for dei ulike teknologiane. Det er ikkje ei utømmeleg liste, men ei liste over det me ser på som viktige, framsynte, stabile tenester som ikkje kjem til å forsvinne med det første.

Podkasting

Podkasting har i fleire år blitt brukt det til å leggje ut opptak frå førelesingar. Det er ein måte å formidle seriar av lydfiler eller videoar i etterkant av arrangementet slik at interesserte kan følgje med utan å vera tilstades. Namnet oppsto som ei samanskriving av "pod" frå musikkspelaren "iPod" (frå Apple) og "cast" frå "broadcast", men podkastar er ikkje berre tilgjengeleg for iPod. Podkasting går ut på å gjere lydfiler som kan brukast på vanlege musikkavspelarar (typisk mp3 eller AAC format), gjerne iPod, tilgjengeleg gjennom ein RSS-straum. RSS-straumen har metadata om filene og peikarar til dei. Noko av grunnen til at podkastar har blitt så populære er at saman med Apple iTunes og liknande program har det blitt veldig enkelt å lasta podkastar inn på musikkavspelarar og å halda dei oppdaterte. Med iTunes kan du abonnere på ein Podkast, som til dømes eit radioprogram (som NRK har mange av), eller eit universitetskurs. Det at mange av desse podkastane har vore tilgjengeleg gjennom Apple sin eigen musikkbutikk (gratis), iTunes Store, har gjort det endå enklare. Teknologien blir typisk brukt til episodar av radio- eller tv-program, førelesingar og høyrespel/lydbøker. Etterkvart som musikkavspelarar byrja å spele av video har det også blitt vanleg med videopodkastar. Dei er like lydpodkastane, men har video (med lyd) i staden for berre lyd.

 

Skjermbilete frå UC Berkeley sine podkast/webcast-sider. Eit kurs med både lyd- og videopodkast i AAC- og H.264-format.

Korleis ta i bruk / publisere podkastar

Podkasting krev at ein har utstyr til å ta opp lyd eller video, programvare for å redigere det ein tek opp, og programvare for å publisere resultatet. Utstyret kan vere så enkelt som ein mobiltelefon med eller utan kamera, programvaren kan vera fri eller inkludert i eit omfattande publiseringsystem. Publiseringa kan gjerast med programvare på eigen vevtenar eller på ei podkastingsteneste. Når podkasten er lagt ut på internett bør han leggjast ut på ein podkast-katalog slik som Apple iTunes Store. Ein populær programvarepakke for redigering av lydfiler er Audacity, som også har laga ein artikkel om korleis ein lagar ei podkast-fil. Det finst fleire oppskrifter på korleis du så går fram for publisere:

For framtida vert truleg Matterhorn-prosjektet som er utvikla under OpenCast-prosjektet ei programvarepakke som gjer produksjon og publisering av podkastar enklare. Matternhorn skal bli ein komplett plattform for opptak, redigering, produksjon og publisering av førelesingar og kunnskapsarrangement. Det blir utvikla under OpenCast-paraplyen som er ei samanslutning av fleire amerikanske og europeiske universitet

Videopublisering

Slik som med podkasting er det også lett å ta opp video og publisere den på eigna nettsider. Fordelen med å leggje ut video på desse nettstadene er at det er enkelt, og du kjem inn på ein plattform der publikum allereie er. Dette er også plattformar som jobbar mykje med å vera i forkant teknologisk. Både Youtube og Dailymotion har til dømes byrja å eksperimentere med støtte for den nye video-taggen i HTML5 som gjer det mogleg å sjå video i nettlesarar utan bruk av godseigd, proprietær teknologi som Flash. Dei viktigaste nettstadene for publisering av kunnskapsvideoar, då særleg for utdanningsinstitusjonar er Youtube EDU og iTunes U, men andre store video-nettstader kan også vera aktuelle: Dailymotion, Revver, Vimeo og Flickr. Wikipedia har både ei liste og ei samanlikning av videodelingstenester. Blip.tv er ei lovande vevbasert løysing for å lage ein eigen "tv-kanal" på internett. Fordelen med denne kanalen er at innhaldet du legg ut kan distribuerast til mange andre nettstader (til dømes Youtube), og kan merkast med Creative Commons-lisens. Det er ei gratis og open løysing som mellom anna blir brukt av Friprogsenteret

Sanntidsvideo

Billegare og betre kamerateknologi, kraftigare datamaskiner og betre videokompresjonsteknologi har gjort såkalla webcasting/streaming meir og meir vanleg, sjølv om det ikkje er eit spesielt nytt fenomen. Webcasting er ei samanskriving av "web" og "casting" frå "broadcasting" og mogleggjer direkteavspeling av lyd og levande bilete gjennom Internett. Dette kan også gjerast i nær sanntid, slik at ein ser det som blir teke opp når det blir teke opp. Som med dei andre teknologiane er lett tilgang på alle platformar ei vesentleg problemstilling (les meir om dette i slutten av dokumentet). Dette har med kva kodekar (standard/filformat) som blir brukt for lyd og bilete og kva teknologi som blir brukt til å spele av. Når video- og lydteknologi først vart teken i bruk på Internett var du avhengig av å laste ned avspelingsprogram, og ein kunne ikkje spele av på tvers av ulike plattformar. Når Flash etterkvart vart tilgjengeleg på alle dei viktige plattformane og var lett og svært funksjonelt for video vart Flash det dominerande formatet for video. Flash er i dag den dominerande teknologien for avspeling, men blir utfordra av Silverlight og HTML 5 med kodekane Theora eller H.264. Regjeringa har opna for bruk av begge kodekane, men det er berre Theora som er ein open/fri standard. 

Utstyr

På grunn av at videokamera har blitt så utbreidd på mobiltelefonar, bærbare datamaskiner og som eigne einingar eller som funksjonalitet i billege fotokamera, kan webcasting i dag gjerast av kven som helst, men for å få høg kvalitet både på lyd og bilete må det framleis ein del investering i utstyr og kunnskap til. For å gjennomføre webcasting treng ein video- og lydutstyr som tek opp lyd og levande bilete, eventuelt mikseutstyr slik at ein kan ta inn lyd og bilete frå fleire kjelder, datamaskin som er kraftig nok til å omforme rådata til koda videostraumar, og ein vevtenar som delar videostraumen på verdsveven. Det må også vere stor nok bandbreidde tilgjengeleg mellom datamaskina som tek inn videoen og tenaren som delar videostraumen på Internett. 

Plattformar/Tenarar

I grunnen for eikvar sanntidsoverføring av video ligg det som regel ein eigen internettenar (server). Dette er spesialisert programvare som sender videoen til brukarane. Tenaren gjer det mellom anna mogleg å spole framover i filmen utan å laste ned heile filmen først. Real med sin Realplayer var ein av dei første aktørane som gjorde slik overføring mogleg, men vart fort overteken av Windows Media Encoder og andre løysingar. Wikipedia har ei ufullstendig samanlikning av ulike streamingtenarar. Når det her er fokus på levande bilete, så er lyd implisitt inkludert, plattformane for videostraumar kan som regel også sende berre lydstraumar. Det følgjande er ikkje ei komplett oversikt, men ei oversikt over løysingar som kan vera aktuelle for lesarane, og ligg til grunn for seinare tenester. Adobe Flash Media Server (FMS)

FME er den nye dominerande programvare som har fått svært godt fotfeste på grunn av svært god distribusjon og bruk av Flash-programvara. Gratisprogramvara Flash Media Live Encoder (FMLE) kan brukast til å ta opp og sende videostraumar for publisering til FME. FMS ligg i botnen for mange av dei nettbaserte tenestene som blir presentert seinare. Tenarprogramvara er på ingen måte gratis (frå ~45 000 kr), men det finst frie alternativ (Red5 med fleire).

Windows Media Services (WMS)Windows Media Services er streamingstenaren for Windows Server operativsystema, og er enten inkludert eller tilgjengeleg som gratis nedlasting for desse. Sidan Windows server er så utbreidd er dette er lett tilgjengleg løysing for mange, men det er også ei svært lukka og begrensa løysing som gjer innhaldspubliseringa lite tilgjengeleg. Saman med opptaks- og omkodingsprogramvaren Windows Media Encoder er nok dette ei brukarvenleg og brukande løysing. Støtte til andre plattformar en Windows er avhengig av Silverlight, og difor ikkje særleg god.QuickTime Streaming Server (QSS) / Darwin Streaming Server (DSS)QSS er Apple sin streamingtenar og DSS er fri programvare-utgåva. QSS køyrer berre under Mac OS X, medan DSS er tilgjengeleg for mange plattformar, og medan QSS kostar er DSS fri programvare. På grunn av god H.264-støtte og støtte til mobile einingar (slik som iPod og iPhone) blir DSS mellom anna brukt av Akamai og Youtube. På Mac OS X kan tenaren vere ei enkel og grei løysing brukt saman med gratisprogramvara QuickTime Broadcaster som hentar inn og omkodar video for krinkasting gjennom QSS/DSS.VLCVLC Media Player er både ein streamingtenar og ein avspelar. Det er ei svært fleksibel programvare tilgjengeleg for dei fleste plattformar på grunn av at det er fri programvare. VLC kan lese svært mange ulike filformat og kodekformat og kan samtidig sende svært mange ulike format ut. Av alle tenarane som er nemnd no, er det difor den som har briast format- og plattformsøtte. Det er også eit svært fleksibelt program som har ei grafisk brukaroverflate som gjer den enkel å bruke. Høgskulen i Sogn og Fjordane har brukt programmet til fjernundervisning mellom Sogndal og Førde, med god erfaring.

 

Illustrasjon frå VideoLAN-prosjektet som viser ulike alternative oppsett for sanntidsvideo. Icecast

Icecast er utvikla av same organisasjon som har utvikla Ogg, Vorbis og Theora. Det er med andre ord fri programvare som kan køyrast på både Linux, Windows og Mac OS X. Støtten for dei tidlegare nemnde frie formata er sjølvsagt også god. Icecast blir brukt av Odin Omdal Hørthe som tilbyr streaming-tenester.

Kringkasting

Me har no sett på kva internettenarar som kan ligge i grunnen for sanntidspublisering av video. Dette kan vere tenarar som du held sjølv, men det kan også vere tenarar som blir brukt av tenester eller tenesteleverandørar som du brukar. Du kan leige alle delene som trengs for opptak og publisering eller du kan gjere alt sjølv, men som regel er det ein mellomveg som er aktuell.

Den største utfordringa med å kringkaste presentasjonar bortsett frå å få løysinga til å fungere på alle plattformar er å vise sjølve (PowerPoint-)presentasjonen synkront med video av talaren. Dette blir som regel løyst enten ved at presentasjonen blir vist ved hjelp av Flash eller Silverlight ved sida av videostraumen (døme) eller ved at det blir veksla mellom kamera og presentasjon i sjølve videoen (døme). I det følgjande blir ulike tenester og programvare for kringkasting presentert, frå komplett pakke til gjer-det-sjølv.

Fullstendig teneste

Dette er tilbydarar av webcasting frå a til å, dei stiller altså med både utstyr, oppsett av utstyr og redigering og publisering. Prisane byrjar på ~10 000 pluss reise og opphald, men ein er sikra eit profesjonelt resultat som kan vera eigna til store arrangement.

  • Webcast Norge: Selskap med mange års erfaring. Telenor meetat brukar deira teknologi til si teneste. Tilbyr komplett pakke. Presentasjonar kan publiserast synkront med videostraum av talar i Windows Media-format med Silverlight eller Flash. Tilbyr også Flash-avspeling med Flash-video, men då utan synkron lysbiletepresentasjon. Blir typisk brukt av børsnoterte selskap til webcasting av kvartalsrapport.
  • Telenor Meetat: Brukar teknologi frå Webcast Norge og tilby dermed noko av det same.
  • Smartcom:tv Norway: Er leverandør til regjeringa og Stortinget. Tilbyr også Flash.
  • eXss: Brukt av Oslobilauksjon.no
  • Videoforweb

Store børsnoterte selskap er typiske brukarar av a-til-å-tenester. Her presenterer SimCorp sin årsrapport med video og lysbilete. Tenesta er kjøpt inn frå Nasdaq OMX. Vindauget liknar på det du får med MediaSite som blir omtalt under.

Integrert system

Desse to skil seg ut på grunn av dei ikkje tilbyr ei komplett teneste frå a-til-å, men heller ikkje berre programvare. MediaSite tilbyr nesten alt utanom folk til å gjere arbeidet, medan TriCaster tilbyr både maskinvare (også pakkar med kamera) og programvare, men ikkje videostraumtenarar.MediaSiteSonicfoundry Mediasite blir brukt av fleire fylkeskommunar inkludert Sogn og Fjordane. Blir også brukt av utdanningsinstitusjonar som NTNU. Er ikkje kompatibel med alle plattformar sidan Flash ikkje blir brukt. Dette er profesjonell programvare og maskinvare som er enkel å bruka men som kostar. Det er også lagt opp til bruk av meir profesjonelt, tungt utstyr. Systemet byggjer på Microsoft-teknologi (Silverlight) som gjer det mogleg, men ikkje heilt rett fram, å spele av på både Linux og Mac OS X i tillegg til Windows. Mobile plattformar er det dårlegare støtte for. Noko av det som skil MediaSite frå andre løysingar er at det er ei alt-i-eitt-løysing. MediaSite leverer både programvare for opptak, omkoding, redigering og tenar for internett, saman med maskinvare. Støtte for å ta opp og vise lysbildepresentasjonen synkronisert med videoen er også innebygd og du kan ta inn fleire lydkanalar, eventuelt videokanalar. Prisane for ei fullstendig løysing skal ligga rundt 100 000 kr.NewTek TriCaster

TriCaster frå NewTek.com er bærbart komplett system for opptak, redigering og streaming. Du kan kjøpe pakke som inkluderar kamera. Tricaster inkluderar ikkje sjølve streamingtenaren, dette må vera ein Windows Media-tenar, men oppsettet elles ser ut til å vere mykje meir fleksibelt med mange fleire funksjonar. Pris frå ~30 000 kr i USA, ta kontakt med dei norske forhandlarane FAMO eller Video4 for meir informasjon.

Døme på ein enkel Tricaster-pakke.

(C) NewTek

Vevbaserte tenester

Med vevbaserte tenester treng du som regel berre eit kamera kobla til datamaskina og ein nettlesar med Flash og ei god internett-tilkobling. Opptak og alle innstillingar blir så gjort gjennom nettsida, videoen kan sjåast på same teneste, og blir lagra for seinare. Eit godt døme på korleis dette har blitt gjort under presentasjonar er Eirik Solheim (frå NRK Beta) sine presentasjonar på Bambuser og Ustream. Dei mest aktuelle tenestene blir lista under i alfabetisk rekkefølgje.

  • Adobe Flash Video Streaming Service: Dette er Adobe si teneste tenarteneste for video. Den inkluderar altså ikkje opptak, redigering og omkoding, men berre sjølve serverfunksjonen og bandbreidda. Dette er ei teneste som er mest bruk for når ein skal nå ut til svært mange, og ynskjer å forsikre seg om at kvaliteten blir god og tenesta stabil. Adobe listar også partnerar som tilbyr det same.
  • Bambuser.com: Som med dei fleste web 2.0-tenester er dette ei gratis teneste basert på web-teknologi og tilgjengeleg på alle plattformar (ved hjelp av Flash). Som med Qik kan du sende sanntidsvideo frå mobiltelefonen, men du kan også bruke webkamera eller sende frå kompatibel programvare som Webcamstudio, og dermed få både bra lyd og bilete. Vart mellom anna brukt til ein pressekonferanse av Peter Sunde frå The Pirate Bay.
  • Justin.tv: Ei av dei mest populære tenestene for brukargenerert sanntidsvideo. Støttar streaming med QuickTime Broadcaster og Flash Media Encoder. Dersom du tek deg av opptak og redigering sjølv kan du bruke Justin.tv til å publisere videoen.
  • Livestream.com: Gratis med reklame eller betalversjon. Frå amatør til proff, inkludert program for Windows eller Mac, ikkje Linux-support. Avspeling på nettsida med Flash.
  • Qik.com: Med Qik kan du sende video frå mobilen i sanntid. Videoen blir lagra for nedlasting i ettertid. Enklare kan det nesten ikkje bli, men kvaliteten er heilt avhengig av kvalitet på kamera og mikrofon på mobiltelefon.
  • Stickam.com: Mykje det same som Qik, men muligens med betre støtte for iPhone og Android-mobiletelefonar.
  • USTREAM.tv: Mykje det same som Bambuser, støttar sanntidspublisering med både webkamera gjennom Flash, mobiltelefon og lokal programvare. Tilbyr også eiga programvare som gjer det mogleg å publisere med betre kvalitet.

Skjermbilete frå Bambuser på ein nettpc med webkamera.

Komponerings- omkodingsprogramvare

Dei vevbaserte tenestene er eigentleg ein form for nettbasert programvare som ved hjelp av Flash-tillegget i nettlesaren din sender eller video til ein Flash Media Server sett opp av tenesta. Det er ganske begrensa kva kvalitet du kan få og kva du du kan gjere med Flash i nettlesaren, det er difor mogleg å bruke ei eiga programvare til å gjere det same. Programvara som kan lastast ned til mobiltelefonar er døme på det, men dersom du skal få mange funksjonar og god kvalitet må det skikkeleg programvare til.

  • Flash Media Encoder: Gratis programvare frå Adobe for å sende videostraumar til Flash Media Server. Kan brukast med fleire av dei vevbaserte tenestene.
  • QuickTime Broadcaster: Gratis programvare for Mac, kan brukast for å sende videostraumar til QSS/DSS eller Justin.tv.
  • Telestream Wirecast
  • VIDBlaster: Program for å produsere sanntidsvideo med opp til 25 ulike kjelder (typisk kamera eller filer). Støttar Windows media eller Flash streamingtenar. Tilrådd av Bambuser.
  • VLC: VLC kan brukast til å sende filer eller videostraumar frå kamera til andre streamingtenarar.
  • WebcamStudio: Fri programvare for Linux. Programmet kan hente inn bilete og video frå webkamera, DV-kamera, skjermen din, ei biletefil osb., og senda det mellom anna til ein Flash Media Encoder-tenar. Du kan såleis mikse saman skjermbilete, eit statisk bilete og fleire videokjelder og få sendt det ut til ei av dei vevbaserte tenestene.
  • Windows Media Encoder: Gratis programvare frå Microsoft som kan brukast til å sende videostraumar til Windows Media Services-tenarar.

Møte, interaksjon og samarbeid

Videokonferanse er som regel ikkje tilpassa store arrangement, men til mindre arrangement kan det vera ein måte for folk å delta utan å vera fysisk tilstades. Store, kostbare, profesjonelle løysingar som dei levert av til dømes Tandberg og Polycom er som regel tilpassa bruk i eige videostudio, eller er som oftast iallfall ganske stasjonære installasjonar.  Nokre av løysingane har funksjonar som gjer at dei også kan brukast til å publisere video, såkalla video-on-demand, og dele skrivebord. Slik går både publisering, samarbeid, telefoni, chat og kringkasting over i kvarandre. Når du kommuniserer ved hjelp av datamaskiner, vil du fort oppdage at du godt kunne tenkt deg å vise andre ting enn det som som webkameraet kan filme. Slik har det komme til fleire funksjonar i videotelefoni-programma, og det har blitt utvikla andre program som legg mindre vekt på video og meir vekt på andre funksjonar. Den viktigaste funksjonen er nok sanntidsoverføring av skjermbiletet på ei datamaskin og/eller opptak av skjermbiletet, andre inkluderar chat, tavle (til å teikne osb.), delt nettlesing, opptak av konferanse, delt redigering av tekst og andre samarbeidsfunksjonar. Den dominerande standarden for videokonferanse som mellom andre er støtta av Tandberg er H.323, og ei vidareutvikling av standarden blir brukt til videotelefoni på 3G-mobiltelefonar. Nye aktuelle standardar er SIP (brukt av Telio med fleire) og Jingle (brukt av Google). Medan Adobe Flash ligg til grunn for Tokbox og Tinychat.For videokonferanse kjenner me berre til Videra som leiger ut videokonferanseutstyr som ei teneste. Wikipedia har ei samanlikning av ulike tenester og ei liste over ulike produsentar og løysingar. Me byrjar med dei meir enkle vevbaserte tilboda:

  • Adobe Acrobat Connect Pro: Eit omfattande samarbeidsverkty basert på Flash-teknologi. Dette er eit solid produkt med fleire års historie. Videokonferanse er berre ein del av pakken, saman med skjermdeling og svært mange andre funksjonar. Løysinga kan kjøpast til eigne vevtenarar, leigast frå tilbydarar eller leigast direkte frå Adobe, og er dermed fleksibel og enkel å ta i bruk.
  • Cisco Webex: Omfattande samarbeidsprogramvare. God plattformstøtte inkludert mobile einingar.
  • Dimdim: Spanande nytt selskap som baserer tenesta på fri programvare. God plattformstøtte. Samarbeidsverkty med skjermdeling, video, tavle, osb.
  • GoToMeeting/GoToWebinar: Utvikla av Citrix. Har lagt vekt på skjermdeling og interaksjon med fleire deltakarar om eit eller fleire skjermbilete. GoToMeeting støttar lydsamtalar men ikkje video. Støttar berre Windows og Mac.
  • IBM Lotus Sametime: Som Microsoft Office Communications Server er dette ei komplett løysing med tenar og klientar og støtte for mykje funksjonalitet, inkl. chat, statusoppdateringar, video og lyd. Plattformstøtten er noko betre, inkludert støtte for ein del mobile plattformar, men til Linux og Mac OS er det berre avgrensa funksjonalitet.
  • iLinc: Tenester får videokonferanse til vevmøte. Ikkje støtte for Linux.
  • Microsoft Live Meeting: Teneste frå Microsoft. Avgrensa støtte for Mac, ikkje støtte for Linux. Ein av dei funksjonane som er unike for Live Meeting og Office Communications Server er at dei støttar Polycom CX5000 som er eit 360° panoramisk kamera som kan fokusere på den aktive talaren ved å gjenkjenne det på lyden.
  • Microsoft Office Communications Server: Komplett tenarløysing for både chat, lyd, video, fildeling med meir. Dårleg plattformstøtte.
  • OoVoo: Videokonferanse med skjermdeling med meir. Berre tilgjengeleg for Windows og Mac OS X. Funksjonar som gjer det enkelt å hente inn eksterne deltakarar.
  • Openmeetings: Lovande fri programvare for såkalla nettmøte. Støttar video slik som Acrobat Connect. Tenarteknologien basert på fri programvare, men bruk i nettlesaren krev Adobe Flash. Kan ta opp møter til video. Kan brukast i Moodle, som er ein svært populær elæringsplattform.
  • Skype: Har lenge vore den mest populær plattformen for ip-telefoni i verda, og videotelefoni vart lagt til allereie i 2005. I siste utgåve av programmet kan ein dele skjermbilete, og i siste betaversjon er det mogleg å ha videosamtalar i HD-kvalitet. Ulempen er at det berre er støtte for to deltakarar på video, med opp til 25 på lyd. Ein stor fordel med Skype er at programmet er tilgjengeleg både for Windows, Mac OS X og Linux, samt fleire mobile plattformar. Ulempen er at det er basert på lukka teknologi, og ufordelaktige bruksbetingelsar. For Windows finst det eit utval programvare for å ta opp både lyd og bilete slik at det kan publiserast i etterkant.
  • Tinychat: Videokonferanse ved hjelp av enkelt webkamera og Flash i nettlesaren. Ein eller fleire deltakarar. Svært enkelt å bruke. Liknar eit offentleg praterom, men med video, er difor meir brukt som eit sosialt verkty.
  • Tokbox: Eit vev-program for videokonferanse mellom fleire personar. Sidan ein berre treng ein nyare nettlesar med Flash for å bruka det er programmet svært tilgjengeleg, også for brukarar av Linux og Mac OS X. Det har også god støtte for interaksjon med andre web 2.0-program eller sosiale nettstader som Twitter, Facebook og liknande. I tillegg til videokonferansefunksjonalitet har det også støtte for å senda videomeldingar. Liknar på tinychat teknologisk, men blir brukt meir profesjonelt og rettar seg meir mot ein profesjonell marknad.

Tradisjonell videokonferanse

Sidan det er så mykje å spare på å unngå mykje reising, kan også leverandørar av videokonferanseutstyr ta seg godt betalt. Tradisjonelt har også teknologien vore kostbar. Følgjande leverandørar leverar utstyr og tenester som er heller kostbart, men som regel også påliteleg og av bra kvalitet.

TandbergTandberg er eit av verdas leiande produsentar av videokonferanseutstyr. Dei har svært avanserte løysingar som kan gje svært høg kvalitet og oppløysing på videoen med fleire møtedeltakarar. Tandberg er eit norsk selskap som er i ferd med å bli kjøpt opp av Cisco. Under Cisco-paraplyen vil dei komma i selskap med andre selskap/teknologiar som WebEx og Linksys. Dei fleste Tandberg-system brukar standarden H.323 og det er difor mogleg å kommunisere med Tandberg-system utan å ha Tandberg sjølv. Kompatibilteten er likevel som regel betre når det er Tandberg i kvar ende. Slik sett er Tandberg eit trygt kjøp fordi det er ei vanleg løysing i Noreg. Mange av aktørane i it-forum brukar Tandberg, og det er den vanlege løysinga i staten. Tandberg har også ei løysing for personlege datamaskiner kalla "Movi", men på dette området er det svært mange aktørar. For å promotere videokonferanse generelt og Tandberg spesielt har dei lansert ei gratisteneste kalla Tandberg FlyFree der du kan booke videomøte med partnarar rundt om i verda gratis, alt ved hjelp av Tandberg sine eigne videostudio og med støtte frå deira personale. Den russiske presidenten Dmitry Medvedev ved ein TANDBERG Tactical MXP. Foto: www.kremlin.ru, CC-lisensiert.
PolycomPolycom er største konkurrenten til Tandberg og har eit visst fotfeste i Noreg også. Polycom leverar i likheit med Tandberg system som støttar H.323 og leverar også programvare til PC.Lifesize

Lifesize har i tillegg til kostbare avanserte løysingar utvikla rimelegare løysingar enn det me er vande med frå Tandberg. Dei leverar løysingar som du kan settje opp sjølv og ta med deg, men som likevel leverar HD-kvalitet på 1 Mbps-linje. Denne fokusen har nok bidrege til at dei i slutten av 2009 vart kjøpt opp av Logitech som lenge har seld enkel videotelefoni saman med sine webkamera.

Sanntidspublisering / liveblogging

Medan det lenge har vore mogleg å bruke publiseringsverkty til å leggje ut tekst og bilete på Internett, har det dei siste åra komme til nokre verkty som mogleggjer publisering av særleg tekst i sanntid. Det vil seie at ein reporter eller "sekretær" kan fortelje om, og sitere frå ei hending samtidig som den pågår. Han kan gjere det aleine, eller fleire kan samarbeide om det. Wikipedia har ein eigen artikkel om sanntids-samarbeidsverkty.EtherpadEtherpad er ei vevteneste som gjer det mogleg for ein eller fleire å publisere formatert tekst i sanntid. Her er det berre snakk om 0-2 sekund forseinking frå nokon skriv noko til det blir synleg for alle andre. Samarbeidsfunksjonaliteten som også inkluderar diskusjon om teksten som blir skrive gjer det til ein wiki, og sidan ein enkelt kan registrere sin eigen "pad", og lett kan publisere, kan det også kallast live-blogging eller "sanntidsblogging". NCE Tourism Fjord Norway brukte etherpad til å "blogge" frå Fjord 2.0-konferansen i Bergen i november 2009. Slik "live blogging" liknar noko på såkalla "microblogging", med tenesta "Twitter" i spissen. Me kjem ikkje inn på microblogging her, men ei anna teneste som er i startgropa og som liknar meir på dette er Scribble Live. Etherpad er no kjøpt opp av Google og utviklargruppa innlemma i Google si Google Wave-satsing. Det er varsla at tenesta vil bli avslutta innan utgangen av mars 2010, men kjeldekoden til programmet er frigitt som fri programvare slik at det kan installerast på eigne vevtenarar, noko fleire har gjort.Scribble liveScribble live er ei slags sanntidsbloggeteneste for arrangement og grupper. Du kan lett opprette ein eigen blogg og hente inn informasjonsstraumar frå andre sosiale tenester, typisk Twitter. Du kan også leggje ved bilete, lyd eller video. Tenesta ser ut til å vere populær blant mediabedrifter (døme).CoveritLiveCover it Live er ei teneste som liknar på Scribble live. Dette er verkty som passar for store arrangement med mange bidragsytarar. Sjå døme frå ein Apple iPod event. Her er det tekst og bilete som er i fokus. 

Presentasjonspublisering

Ein viktig del av kunnskapsarrangement er ofte presentasjonar laga med Microsoft Powerpoint eller anna presentasjonsprogramvare. Dette er ofte store tunge filer som er tungvindt å dele i seg sjølv. Dersom ein lastar filene opp på ei presentasjonspubliseringsteneste blir dei tilgjengelege på veven, gjerne søkbare og moglege å leggje inn på eigne nettsider. Tenester for å dele desse presentasjonane er eit lite, men viktig steg mot deling av kunnskapen på arrangementet.Wikipedia har ei eiga side om presentasjonspubliseringstenester. Me tek her berre med den viktigaste. Videopublisering blir ofte brukt på liknande måte som presentasjonspublisering, (sjå døme).SlideshareSlideshare er nok den mest populære presentasjonspubliseringstenesta. Tenesta er i utgangspunktet gratis, men ein kan også betale for ekstra tenester. Tenesta brukar Flash til å vise presentasjonane, og har tilleggsfunksjonalitet for å til dømes lage presentasjonar med bakgrunnslyd, også kalla "slidecast".authorSTREAM

authorSTREAM er ein utfordrar til Slideshare som har meir funksjonalitet for å dele presentasjonane med andre og interagere med publikum. Her kan du vise kommunisere med publikum medan det samane ser på presentasjonen på forskjellige stader på internett, du får større plass enn med Slideshare og du kan passord-beskytte presentasjonane dine.

 

Plattformstøtte

For at ein teknologi eller teneste verkjeleg skal kunne brukast av alle, må den kunne brukast på alle dei tre store operativsystema som er i bruk (helst utan ekstra installasjon). Det vil seie dei siste versjonane av Windows (helst frå XP til Windows 7), siste versjon av Mac OS X, og Linux (helst siste versjon av Ubuntu som er den klart dominerande Linux-versjonen). Medan iPhone og Android er nykommarar som truleg må takast hensyn til i framtida er det Windows som dominerar. Linux har ein fordel i at støtte for opne standardar er sterk, og bygd inn frå grunnen av. Ulempen er at lukka de facto standardar ofte ikkje er med i standardinstallasjonen. 

Standardar

Som med all teknologi, og spesielt IT, er det ofte ting ikkje fungerar som dei skal. Det blir brukt inkompatible teknologiar, eller det blir kravd bruk av teknologi som ikkje er tilgjengeleg på den opne marknaden. Slike problem blir prøvd identifisert og det blir lagt vekt på bruk av opne standardar. Bruk av opne standardar fremjar interoperabilitet, openheit og tilgjenge for alle.

Ein føresetnad for at utstyr og program frå ulike leverandørar skal kunne bruke tenester på internett, er at tenestene nyttar opne standardar. HTML, PDF, JavaScript, SIP, XMPP, H.323, Ogg og XML er døme på slike standardar. Opne standardar har som regel gått gjennom ein standardiseringprosess i ein bransjeorganisasjon og er opne fordi det ikkje ligg hindringar i vegen for å bruke dei i form av opphavsrettselege begrensingar eller patentar. Dokumentasjonen til ein slik standard er som regel fritt tilgjengeleg (eventuelt mot betaling) og kan brukast fritt.

Regjeringa påbyr at statlege verksemder skal bruke opne standardar, også for lyd og video. Dette for at "alle brukarar skal ha lik tilgang til offentleg informasjon og tenester på Internett. Staten skal ikkje diskriminere brukarar med bakgrunn i kva slags teknisk utstyr og programvare dei nyttar."

Videoframstilling

Når digital video blir produsert for bruk blir den alltid komprimert ved hjelp av ein eigen "kodek" og pakka inn i eit eige filformat. Dette blir gjort fordi rådatafilene er alt for store for distribusjon og for å kunne leggje ved metainformasjon eller informasjon om korleis dei ulike delene ein video kan bestå av skal visast saman (ei videofil kan innehalde både levande, bilete, lyd, tekst og informasjon om videoen). Slike kodekar og filformat er som regel lukka og tilgjengeleg for bruk på strenge vilkår. Dette gjer det ofte svært vanskeleg eller umogleg for andre å utvikle verktøy for å produsere og spele av slike filer. Av den grunn har regjeringa påbudd bruk av Theora/Vorbis/Ogg eller H.264/AAC/MP4 for video og Vorbis/Ogg, MP3 eller FLAC/Ogg til lyd, i staten. I tillegg til kodekar og filformat som blir nemnd under, finst det standardar for korleis lyd- og videostraumar skal lagast og publiserast og standardar for kommunikasjonsteknologi. Desse vil bli nemnd der dei er relevante.

Kodek og filformat

Theora er den einaste kodeken som er tilfredstillande utbreidd som er fri og open, og blir som regel brukt saman med filformatet Ogg. Theora har liknande kvalitet per bit som H.264. H.264 er ein annan open kodek-standard, der patentane er eigd av eit bransjekonsortsium. Problemet er patentane bak formatet som patenteigarane kan ta avgift for å bruke. Dei to vanlegaste videoformata på nett er Flash Video (FLV, F4V) og Microsoft Windows Media Video (WMV), men begge desse er lukka format som ikkje kan spelast av uproblematisk med fri programvare. 

Videoavspeling

Nettlesaren er den vanlegaste og enklaste måten å navigere verdsveven på og lese innhald. Det er difor som regel ynskjeleg å spele av innhald og bruke nettbaserte program inne i nettlesaren. Flash, Silverlight og Java mogleggjer dett, medan diverse mediespelarar også kan gjere det utanfor nettlesaren.HTML5HTML versjon 5 er den nyaste HTML-standarden. Sjølv om han er under utvikling er deler av han rekna som stabile, og støtta i dei nyaste versjonane av nettlesarane Opera, Safari, Firefox og Google Chrome. Dei mest vesentlege utbetringane som er støtta no er <video> og <audio> som gjer det mogleg å inkludere video og lyd i nettsider utan å ty til tilleggsprogram for avspeling. Lyd og levande bilete kan dermed bli like lett å leggje ut og sjå som JPEG-bilete er i dag. Framtida til standarden er likevel noko usikker, mykje på grunn av at Microsoft ikkje har gjeve klare signal om dei kjem til å støtte dei vesentlege delene av han. Sidan Microsoft Internet Explorer framleis har opp mot 60 % marknadsdel er deira støtte vesentleg, det ser likevel ut til at HTML videostøtte kan komme inn med Silverlight som i versjon 3 støttar videokodeken H.264 og det er annonsert eit Silverlight-program for HTML5 Theora-video.JavaJava er etter Flash, den utvidinga som har flest installasjonar. Sidan det er fri programvare og tilgjengeleg for dei fleste plattformar, er den svært utbreidd. Java blir ikkje vanlegvis brukt for å spele av video, men kan brukas til dette. Sidan det Java er fri programvare blir til dømes Java-programmet Cortado brukt til avspeling av lyd og video på Wikipedia.FlashAdobe Flash er i dag ein de facto standard for vising av levande bilete på internett, og blir til dømes brukt av YouTube. Det er ikkje ein open standard fordi Adobe berre deler spesifikasjonar, dokumentasjon, og kode på eigne vilkår, men har blitt ein de facto standard mykje på grunn av mangel på opne og frie alternativ. Avspelaren har alltid vore distribuert vidt og gratis og er tilgjengeleg for dei fleste operativsystem (inkludert X-box og Playstation) og mobile einingar (mobiltelefonar, etc.). Gode grunnar til at alle store video-nettstader brukar Flash til framsyning av video.Silverlight

Silverlight er Microsoft sitt eige alternativ til Flash og liknande teknologiar. I denne samanheng er Silverlight aktuelt fordi det blir brukt til å spele av video på nettsider. På NRK nett-tv kan ein til dømes velje å bruke Silverlight som avspelar. Sjølv om det finst ein fri programvare-versjon av Silverlight, Moonlight, som er støtta av Microsoft og utvikla av Novell, tilfredsstillar ikkje denne krava til fri programvare sidan ein må laste ned proprietær, lukka programvare for å spele av video. Det er også vanskelegare å installere enn Flash, og utviklinga av Monolight heng langt etter utviklinga av Silverlight.

"Fotballkrigen", episode 1 på NRK tv. Spelt av med Moonlight i Firefox på Ubuntu Linux. Visning av stillbilete gjekk, men levande bilete vart det diverre ikkje.

Mediespelarar

Video og lyd har fram til ein byrja å ta i bruk HTML 5 måtta spelast av med utvidingar til nettlesaren (som dei over nemnde) eller spelast av i mediespelarar. Dei vanlegaste programma for avspeling er Windows Media Player som kjem med Windows og mediespelaren i Mac OS X. Utanom dette er VideoLAN og Winamp truleg eit av dei mest brukte mediespelarane. VideoLAN er fri programvare og kan spela av dei fleste mediefiler utan installasjon av ekstra programvare.

Openheit gjennom lisensiering

Ein del av kunnskapsdeling som ofte blir oversett er kor vesentleg det er å gjera det klart for publikum på kva vilkår du deler informasjon. Som hovudregel er alt nytt innhald beskytta av opphavsrettslovgjeving, og dersom du ikkje eksplisitt spesifiserar korleis publikum kan bruke innhaldet, vil dette vera ei effektiv hindring for spreiing av kunnskapen. No som ein kan gjenbruke all mogleg informasjon frå Wikipedia, henta svært gode bilete frå Flickr og fri programvare til dei fleste formål, er eksplisitt lisensensiering av innhaldet svært viktig. Gjenbruk er den beste formen for kunnskapsspreiing, og gjennom Internett kan det vera den mest effektive distribusjons- og kunnskapskanalen. Dersom innhaldet ikkje har lisens risikerar ein at brukarar går vidare til innhald som har det. Berre det å måtte sende ein e-post, ta stilling til ukjende og kompliserte vilkår, eller restiksjonar som kanskje virkar rimelege, men som eigentleg ikkje er nødvendige kan vera ei effektiv sperre. Creative Commons er den mest utbreidde og beste måten å lisensiere tekst, lyd, bilete og levande bilete. 

Creative Commons

Creative Commons er eit lisensieringsregime/-system som gjer det mogleg å vise brukarane av innhald kva du gjev dei løyve til å gjera med innhaldet. Du kan velje at så lenge du blir godskriven kan ein kva ein vil, eller du kan legge begrensingar slik at innhaldet berre skal brukast ikkje-kommersielt, ikkje skal endrast, eller skal delast på like vilkår. Det mest kjende eksempelet på CC-lisensiert innhald er Wikipedia, medan ei anna teneste som har svært mykje CC-lisensiert innhald er Flickr. Dette har gjort at innhaldet frå begge tenester blir brukt aktivt av både papir- og nettversjonar av magasin og aviser (døme er Dagbladet og Natur og Miljø), og i mange andre samanhengar.

Denne artikkelen er cc-lisensiert, sjå innleiinga.

Konklusjon

Det er berre haldningar og tid som hindrar deg frå å ta i bruk ny teknologi som er presentert her. Slik som før nemnde Eirik Solheim frå NRK beta har gjort det, kan kven som helst ta opp og kringkaste i sanntid frå arrangement dei er med på. Dersom du ikkje har kamera allereie på maskina di kan er det gode kamera lett tilgjengeleg for under tusenlappen. Ikkje berre kan dei brukast til kringkasting, men også til videosamtalar med Skype i HD-kvalitet.

Dersom du allereie har Windows-tenarar eller Mac-maskiner tilgjengeleg, viser undersøkinga at det ikkje skal mykje til å settje opp ein tenar for overføring av sanntidsvideo. Og som elles når det trengs mykje spesialisert kunnskap kan du leige inn folk til å gjere heile jobben. Skulle du ikkje vera heilt komfortabel med å leggja stemma og andletet ditt ut på nettet, kan du Vidbyrje med å leggje presentasjonen ut på Slideshare, og gjerne også skrive ein sanntidsblogg om presentasjonen du deltek på.
Å dele kunnskap gjer andre meir motiverte til å dela kunnskap med deg. Auka merksemd aukar også verdien av eit kunnskapsarrangement mykje, og som regel er det jo om å gjera å få ut bodskapen din. Lisensiering av innhaldet vil gjera at delinga kan få ein sjølvforsterkande effekt. Dei du deler med har høve til å dele vidare.