Sjekkliste for strøyming av arrangement

Dette er ei rettleiande liste over kva du som arrangør bør tenkje gjennom før, under og etter ei sending. Om du skal leige inn teknisk hjelp, kan du også bruke denne oversikta som grunnlag for å avklare fordeling av oppgåver og ansvar saman med dei teknisk ansvarlege for sendinga.

Innhald

Før sending

Kva er ditt behov?

  • Kva delar av programmet ynskjer du å kringkaste? Direktesending, opptak eller begge deler?
  • Ynskjer du å kringkaste video+grafisk presentasjon (les: PowerPoint mm.) eller berre video?
  • Når vil du gjere det kjent at arrangementet vert kringkasta?
  • Kor lenge vil du at opptaket skal vere tilgjengeleg i etterkant?
  • Ynskjer du interaksjon mellom føredragshaldar og sjåarar/publikum?

Informasjon, marknadsføring og løyver

  • Informér alle involverte om at du kringkastar arrangementet.
  • Hent inn løyve frå føredragshaldarar til å kringkaste på førehand.
  • Hugs samtykke frå kunstnarar/artistar i samband med kulturelle innslag. Dersom utøvaren er under 18 år må løyve gjevast av føresette.
  • Gi dei ansvarlege for sendinga all informasjon om arrangementet dei treng:
    namn på føredrag, namn på føredragshaldar, namn organisasjon/firma,
    lenkjer til støttemateriale som skal lenkjast opp frå avspelingssida (program, saksliste, rapportar osb),
    logo og grafisk profil.
  • Informér ordstyrar om detaljar knytt til den føreståande sendinga.
  • Etablér gjerne eit «firkantemne» (hashtag) på Twitter før sending.
  • Videoar i presentasjonane krev ekstra førebuing. Arrangøren må informere dei teknisk ansvarlege i god tid dersom presentasjonar inneheld videoklipp.

Marknadsfør sendinga di

  • Få tilgang til lenkjer for sendinga frå sendeansvarleg i god tid.
  • Registrer arrangementet på kxg.no.
  • Publisér informasjon om sendinga på eigne heimesider.
  • Distribuér informasjonen i relevante nettverk (til dømes via epost og sosiale medium).

Legg plan for spørsmål og svar

  • Ved direktesending: peik ut ein moderator for eventuelle bak-kanalar (til dømes sms, epost, CoverItLive og Twitter) og avtal arbeidsflyt for å handtere spørsmål både frå sjåarar og publikum i salen.
  • Ved spørsmål frå salen: finn ut korleis tilhøyrarane skal få tilgang til mikrofon, til dømes:
  1. mikrofon ved talarstol der alle må fram,
  2. nokon som spring rundt i salen med ein eller fleire mikrofonar,
  3. føredragshaldar eller ordstyrar gjentek alle spørsmål i mikrofon.

Under sending

Gi beskjed om at du strøymer

  • Vurder å sette opp eit skilt eller ein lapp som seier at arrangementet vert kringkasta (og vil bli tilgjengeleg i etterkant), gjerne med kortlenkje til sendinga og firkantemne som blir brukt.
  • Informér undervegs om sendinga.
  • Hjelp føredragshaldarar og ordstyrar å hugse at dei må gjenta spørsmål som ikkje vert fanga opp av ein mikrofon.
  • Informér publikum på nettet om pausar og muligheiter for medverknad (bak-kanalar).
  • Unngå blank presentasjons-skjerm undervegs. Ha gjerne lysark (ppt) klare for å informere sjåarane undervegs. Døme:
  1. pauseplakat (med tidspunkt, namn på arrangør, namn på konferanse og muligheiter for medverknad),
  2. infoplakat (arrangør, føredragshaldar og bak-kanalar) dersom føredragshaldar ikkje nyttar presentasjon,
  3. informasjon om ”bak-kanalar” – altså måtar sjåarar kan delta med spørsmål/diskusjon knytt til sendinga (twitter, facebook, sms, epost osb.).

Etter sending

  • Førebu svar på ofte stilte spørsmål frå føredragshaldarar og deltakar, til dømes:
    • Kan eg få ein kopi av denne presentasjonen og legge ut på mi heimeside?
    • Er det mogeleg å endre presentasjonen min i etterkant?
    • Eg vil ikkje at min presentasjon skal være tilgjengeleg i opptak.

Sjå gjennom opptaka

Send gjerne lenkjer for kvar enkelt presentasjon til føredragshaldarane for ettersyn. Avklar om redigering er naudsynt for å korrigere eller korte ned presentasjonane.

Tenk gjenbruk

  • Oppdater informasjonen og lenkjene til opptaka på kxg.no (dersom lenkje til opptaka ikkje er dei same som for direktesendinga).
  • Lag lenkjer til sendinga og/eller kvart enkelt føredrag frå eigne heimesider eller lag ei lenkje til arrangementet på kxg.no.
  • Send gjerne «takk for sist»-epost til føredragshaldarane med lenkjer til opptaka.
  • Bruk gjerne opptaka til å marknadsføre neste arrangement.

KXG.no har eit rikholdig arkiv av sendingar som er tilgjengeleg i etterkant (On demand). Når du registrerer eit arrangement på KXG, går dette automatisk over i vårt arkiv. Hugs å varsle oss (eller endre sjølv) dersom lenkja til opptaket ikkje er identisk med lenkja til direktesendinga.