Video rett i nettlesaren (HTML5)
Vestlandsforsking er tilhengjarar av bruk av opne standardar og fri programvare. Då HTML-spesifikasjonen vart utvida til å dekkje video, og nettlesarane byrja å støtte dette var det difor naturleg å ta det i bruk som del av utprøving av teknologi i Kunnskap kryssar grenser.
Våren 2010 stod me for kringkasting av pasient på nett, føredrag om Løgstrup som miljøfilosof, Balestrand summit, vegprising – framtidas bilavgift?, seminar om opne data og samhandling og eit seminar om Python 3.0. Dersom du har ein ny nettlesar kan du spele av videoane frå våre eigne vevtenarar akkurat som om det var eit JPEG-bilete i nettlesaren din.

Utdrag frå ein av videoane frå Balestrand summit 2010. Emma Whittlesea snakkar om "Carbon management"
Med moderne nettlesarar er det no altså like lett å publisere video som å publisere bilete. Det har lenge vore lett å lasta opp video til Youtube og liknande nettstader. Problemet er at du ikkje har kunna styre kvalitet og storleik på video sjølv, du gjer det på "nåde" frå Youtube, det har ikkje vore så lett å publisere på eigne nettsider og i dag kjem også Youtube-videoar med reklame. Eit anna problem er at videoane er i eit format som vanskeleg kan spelast av med fri programvare, noko som gjer det vanskelegare å ta i bruk (for til dømes skular som brukar fri programvare).
Ved hjelp av vanleg DV-videokamera lånt frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, fri programvare, leigd tenarplass i London og hjelp frå Odin Hørthe Omdal fekk me sendt sanntidsvideo direkte til sjåarar over det ganske land. Der og då var det ikkje alltid det verka som om det var noko særleg til suksess, men med tanke på at berre nokre nettlesarar byrja å støtta video-funksjonaliteten i byrjinga av året, kan me nok seie oss ganske nøgde med resultatet.
Problema
Grunnen til at det ikkje virka som nokon suksess der og då, var hovudsakleg at me kom borti mange problem som følgje av at me var tidleg ute med bruk av ny teknologi:
- For å visa videoen måtte sjåarane bruka nye nettlesarar eller Internet Explorer med Java. Problemet var at sjølv med nye nettlesarar var det ikkje alltid det fungerte, og nokon gonger fungerte det ikkje godt nok. Stoda er mykje betre no. Firefox, Opera og Google Chrome har svært god videostøtte, som stadig blir betre.
- Tradisjonelle Flash-baserte avspelarar har eit heilt rammeverk som tek seg av problem med avspelinga, til dømes ein uføresett stopp. Det hadde ikkje me. Når me fekk problem med sendinga, og avspelinga stoppa hjå sjåaren, kunne me ikkje få den til å automatisk starta att når me hadde retta opp i problema og starta sendinga att.
- Me fann ingen erfarne leverandørar av teknologi, me måtte difor eksperimentera mykje og sendingane vart prega av dette. På den andre sida har me levert svært mykje video utan store kostnader.
- Det skal mykje meir arbeid til å kringaste, lagre og publisere video utan å bruka eit eige spesialist publiseringssystem for det enn ein tenkjer i byrjinga.
- Også programvara for kringkasting var ny, og det var ikkje alltid den var kompatibel med maskinvaren me brukte.
- Me hadde bruk for svært kraftige bærbare datamaskiner for å kunna koda videoen til rett format i sanntid.
Lærdomen vart:
- Me var svært tidleg ute, det trengs vidare arbeid med video i nettlesarane.
- Det er bruk for spesialiserte system for kringkasting og videopublisering.
- For mindre prosjekt, er teknologien i dag bra nok til å kunna brukast. Med ein gong du skal ha meir enn ei videokjelde blir ting mykje meir komplisert.
- Førebu deg! Prøv alt på førehand.

Skjermbilete frå Firefox sin videospelar med Emma Whittlesea som presenterar.
Sjåarar, ikkje undervurder etterspurnad i etterkant
Kor mange sjåarar me fekk var nok mest avhengig av kor mykje interesse det var for arrangementet i utgangspunktet og kor godt kringkastinga vart marknadsført. Som regel var det flest sjåarar i byrjinga, og dersom sendinga vart broten var det mange som ikkje kom attende. Dei fleste sendingane hadde rundt 10 sjåarar, nokre opp i 20, men me hadde aldri så mange sjåarar at det vart fare for dårleg kapasitet på tenaren. Særleg Balestrand summit var skuffande. Her hadde me annonsert i god tid på førehand til eit publikum som burde vera interessert i miljøsparande tiltak, det var eit stort arrangement og me investerte mykje for å få det til. Likevel byrja det med berre opp mot 20-30 sjåarar, og etter problem med sendinga var det som regel 10-15 sjåarar. Dette var absolutt ikkje godt nok med tanke på at me hadde ambisjonar om å ha like mange sjåarar som deltakarar i salen. Det var likevel ganske vellukka, for både videosida (710 sidevisingar), og arkivsida (438 sidevisingar) er nokon av dei mest leste sidene på vestforsk.no til no i år.

Illustrasjon som viser kor mange som såg på "Pasient på nett"-kringkastinga over tid. Illustrasjon av Odin Hørthe Omdal.
Ringverknader
Alt dette arbeidet hadde to spesielt positive ringverknader utover sjølve prosjektet.
Errantia
På grunn av manglande rammeverk for sanntidspublisering av video vart Odin motivert til å utvikla ei programvare me har kalla "Errantia", som sjølvsagt også er publisert som fri programvare. Errantia er programvare for vevtenaren som gjer det mogleg å vise presentasjonen ved sida av videoen, gje meldingar til sjåarane og ha ein liten prateboks for sjåarane.
Endringar i HTML5
På grunn av problema han støytte på i arbeidet med Errantia, tok Odin kontakt med arbeidsgruppa bak den nye HTML-standarden, whatwg. Dette utløyste ein diskusjon, som førte til endringar i standarden. Arbeidet med kunnskap kryssar grenser har altså utløyst endringar i standarden som kan bli innarbeida i både Internet Explorer, Opera, Firefox og Google Chrome. For store teknologiselskap er dette dagligdags, for det er ofte tilsette i desse selskapa som jobbar med standardar og fri programvare, men for eit slikt lite prosjekt kan me vera ganske nøgde.

Registrer eit arrangement
Kontakt oss




Skriv ny kommentar