Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane 2012

Fredag 10. februar 2012 frå klokka 09:30
Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane
Næringsbarometeret byggjer på nye undersøkingar, intervju og statistikk. Partnarane bak barometeret ynskjer å bidra til eit felles kunnskapsgrunnlag og felles forståing av utfordringane i næringsliv og offentleg sektor. I denne presentasjonen blir tal for siste halvår 2011 presenterte, saman med utsikter for 2012.

Arrangementet startar kl. 09.30 med ei innleiing av fylkesordførar Åshild Kjelsnes. Presentasjonen av Næringsbarometeret er det fylkesdirektør for næring, Jan Heggheim, og direktør i Innovasjon Norge, Halvor Flatland, som står for.

Næringsbarometeret byggjer på ei bedriftsundersøking frå oktober/november i fjor. Den økonomiske situasjonen i Europa verkar også inn på Sogn og Fjordane, og vi går eit spennande år i møte.

På Twitter er emneordet (hashtagen) for presentasjonen av Næringsbarometeret #nbarometer. Spørsmål som vert stilte her, vert formidla til salen og svarte på derifrå.

Produksjon og streaming: Kreativ Media UB, Medielinja ved Sogndal vidaregåande skule

Program

Innleiing - fylkesordførar Åshild Kjelsnes
Presentasjon av Næringsbarometeret for Sogn og Fjordane - Halvor Flatland og Jan Heggheim
Spørsmål frå salen og sjåarar
Sparebanken Sogn og Fjordane sine tankar om dei urolege tidene og lokalt eigarskap som festningsverk - Arvid Andenæs
Bedriftspresentasjon - Maritime Montering as

Sogn og Fjordane og Hordaland har no skilt lag i arbeidet med Næringsbarometeret. Hordaland presenterte sitt barometer 7. februar. Næringsbarometeret er eit samarbeid mellom Sogn og Fjordane fylkeskommune, Nav, NHO og Innovasjon Norge.

Kontaktpersonar
Jan Heggheim
Sogn og Fjordane fylkeskommune
mobil: 905 66 623
e-post: jan.heggheim@sfj.no

Halvor Flatland
Innovasjon Norge Sogn og Fjordane
mobil: 957 81 493
e-post: halvor.flatland@innovasjonnorge.no

Frode Henden
NAV Sogn og Fjordane
mobil: 918 35 704
e-post: frode.henden@nav.no

Jan Atle Stang
NHO Sogn og Fjordane
mobil: 905 76 419
e-post: jas@nho.no

Ingen stemmer registrert