Faste arrangement med forventningar om høg profesjonell standard og kvalitet på sendingane krev også profesjonelle løysingar av høg kvalitet. Ein måte å løyse utfordringa på er å leige inn hjelp, men det er få aktørar å velje mellom og blir ofte svært dyrt. Å eige utstyret og gjere jobben sjølv kan difor vere ei god løysing.
Ein treng både utstyr lokalt der arrangementet skal føregå, men også ein tenar («server») som gjer videostraumen tilgjengeleg på verdsveven. Ein kan halda seg med båe deler sjølv, men oftast vil det vera enklare å kjøpa inn sjølve utstyret og leiga vevtenaren.
Løysingar
MediaSite
Sonic Foundry Mediasite tilbyr nesten alt utanom folk til å gjere arbeidet. Systemet blir brukt av fleire fylkeskommunar inkludert Sogn og Fjordane. Det blir også brukt av utdanningsinstitusjonar som NTNU. Mediasite består av programvare og maskinvare som er enkel å bruka men som kostar. Det er lagt opp til bruk av meir profesjonelt, tungt utstyr. I siste versjon tilbyr dei framvising med HTML5 på mobile einingar, og Microsoft Silverlight på stasjonære maskiner. Eldre versjonar brukte berre Silverlight og kunne difor ikkje brukast på mobile einingar eller Linux.
Noko av det som skil Mediasite frå andre løysingar er at det er ei alt-i-eitt-løysing. MediaSite leverer både programvare for opptak, omkoding, redigering og tenar for internett, saman med maskinvare. Støtte for å ta opp og vise lysbildepresentasjonen synkronisert med videoen er også innebygd og du kan ta inn fleire lydkanalar, eventuelt videokanalar. Prisane for ei fullstendig løysing byrjar på rundt 100 000 kr.
NewTek TriCaster
TriCaster tilbyr både maskinvare (også pakkar med kamera) og programvare, men ikkje videostraumtenar. Det er eit bærbart komplett system for opptak, redigering og streaming. Du kan kjøpe pakke som inkluderar kamera. Tricaster inkluderar ikkje sjølve streamingtenaren, dette kan vera ein Windows Media-tenar eller Flash-tenar (slike som Ustream, Livestream og Bambuser tilbyr), men oppsettet elles ser ut til å vere mykje meir fleksibelt med mange fleire funksjonar. Pris frå ~10 000 kr i USA, ta kontakt med dei norske forhandlarane FAMO eller Video4 for meir informasjon.
Pixavi
Pixavi er eit norsk selskap som lagar videokommunikasjonsløysingar for industrien. Det vil seie svært robuste og funksjonelt avanserte løysingar som dermed ikkje nødvendigvis er så enkle å bruka. Løysingane rangerer frå å ta still-bilete og videokonferanse, til videostrøyming.
Pixavi leverer både maskinvare og programvare i eitt, men ein må nok ta spesielt kontakt for å settje opp løysing som er integrert med strøymingstenar. Fordelen med Pixavi sitt utstyr er at det er lett og kompakt, ulempen er at det ikkje er spesielt tilpassa strøyming av arrangement, og passar meir for strøyming frå felt.

Registrer eit arrangement
Kontakt oss



