Føredrag om Løgstrup som miljøfilosof

Måndag 3. mai 2010 frå klokka 12:00
Føredrag om K.E. Løgstrups fenomenologiske filosofi som miljøfilosofi. Vart kringkasta på kxg.no.

For å øve på webcasting før Balestrand summit 31. mai-1. juni vart Jon Helen Pedersen sitt føredrag om K.E. Løgstrup som miljøfilosof 3. mai kl. 12 på Høgskulen i Sogn og Fjordane direkteoverført på nett her på kxg.no.

Med ca. ti tilhøyrarar i eigen person og 5-10 på nettet, kan me seie oss ganske nøgde. Sjølve arrangementet hadde fått ein del merksemd på Twitter i forkant på grunn av ein omtale av føredraget som var ganske tungt formulert. Det vart difor lagt opp til å kunne kommentere og spørje spørsmål gjennom Twitter. Sidan føredraget ikkje vart sett av særleg mange kom det også berre inn ein kommentar medan føredraget pågjekk.

Testinga var svært nyttig sidan det viste seg at programvaren me brukte til å kringkaste med var utdatert, og mange brannmurar sperrar porten som vart brukt. Resultatet er at me har gjort endringar i oppsettet vårt slik at mange fleire no kan sjå kommande kringkastingar på nettet.

Her kan du sjå på og laste ned video frå føredraget. Sjå vestforsk.no for meir informasjon om arrangementet.

Last ned. Problem med videoen? Den fungerar best om du lastar han ned og spelar han med VLC. Sjå elles Wikipedia sin guide.

Takk til Høgskulen i Sogndal for lån av utstyr, og Odin Hørthe Omdal for teknisk støtte.

Emneord: 
Ingen stemmer registrert